Eit viktig kompetanseløft for heile den kommunale helse- og omsorgstenesta

Helsedirektoratet initierte prosjektet «Pilot legevakt», ein ny modell for akuttmedisinske tenester i rurale strøk som har vanskar med å sikre akuttmedisinsk ekspertise. På legevaktsatelitten gjennomfører sjukepleiaren konsultasjonen i videokonferanse med lege. Denne studien utforskar leiarane sin...

Full description

Saved in:
Bibliographic Details
Main Authors: Gro Hovland (Author), Anne-Grethe Halding (Author), Dagrun Kyrkjebø (Author), Ole Tormod Kleiven (Author), Erik Zakariassen (Author), Siri Ytrehus (Author)
Format: Book
Published: Septentrio Academic Publishing, 2023-03-01T00:00:00Z.
Subjects:
Online Access:Connect to this object online.
Tags: Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
Description
Summary:Helsedirektoratet initierte prosjektet «Pilot legevakt», ein ny modell for akuttmedisinske tenester i rurale strøk som har vanskar med å sikre akuttmedisinsk ekspertise. På legevaktsatelitten gjennomfører sjukepleiaren konsultasjonen i videokonferanse med lege. Denne studien utforskar leiarane sine erfaringar. Ti leiarar frå fem kommunar deltok i kvalitative intervjue. Basert på intervjua vart det gjort ein kvalitativ innhaldsanalyse.  Potensialet for kompetanseheving og rekruttering av nye sjukepleiarar motiverte leiarane for deltaking, og dei såg på prosjektet som eit høve til  å auke akuttmedisinsk kompetanse i heile den sjukepleiefaglege tenesta i kommunen. Leiarane la vekt på å støtte sjukepleiarane i den nye kombinerte rolla som «satellittsjukepleiar» og i den ordinære rolla som sjukepleiar i kommunen. Nye former for tverrfagleg samarbeid blei vurdert som avgjerande for kompetanseheving. Leiarane sitt inntrykk var at sjukepleiarane opplevde dei nye oppgåvene som interessante, og at det ga høve til å auke rekruttering og stabilitet i sjukepleiestaben.
Item Description:10.7557/14.5872
1504-3614
1891-2982